AHC logo the ahlefeldt-holst center bulletin
ISSN 1892-5472 - ansvarlig redaktør: ingar holst - epost: mail(æt)ahlefeldt.no - 8. mars 2011


Feilavskrift fra NRK om Kina

Tollef Ås


Tollef Ås er Senior Research Fellow ved Ahlefeldt-Holst-Senteret.

I serien «Norsk reiselitteratur» vil AHC-Bulletin gjennom 2011 sette søkelyset på hvordan norsk almen- kunskap om Kina formidles: NRK står gjennom sitt gjennomslagskraft i norsk offentlighet i en særstilling og NRKs reportere har gjennom en generasjon gjort det til en refleks å avfatte bindsterke verk om Kina, på tross av at forfatternes kunnskaper om landets språk, kultur, historie, geografi, litteratur, politikk og ortografi for de langt flestes vedkommende er totalt fraværende. Det ser ut til å være en etablert tradisjon at norske forlag ikke utøver noen redaksjonell kontroll der avgåtte NRK-journalistene setter seg ned for å skrive om Kina. Erling Borgens bok «Rød drøm» ble utgitt i 1998 og speiler denne tradisjonen på en ypperlig måte.

Boka «Rød drøm» fekk ei snill mottaking i dei større Oslo-avisene: For bokmeldarane var naturlegvis ikkje kvalifiserte til å døme korkje om sanningsgehalten i boka, eller om det journalistiske arbeidet som (ikkje) ligg under kva NRK-korrespondenten i Beijing skriv. Mange trur ei bok frå NRK-mannen i Aust-Asia kan vera verd å kjøpe av di ein her feng fakta frå ein kvalifisert reporter. Inkje kan vera lengre frå sanninga. NRK-reporterar i Asia som tenkjer, veit så lite at dei berre lagar misforståingar, dei er tilsette for di dei trass i at dei ikkje kan noko om Asia likevel gjev inntrykk av at dei er effektive og «produktive».

Sjølv om eg ikkje er royalist, meiner eg til dømes at når vi hev eit kongehus, då bør dette vera brukandes til nasjonal byrgskap og for å vise høvisk uttrykksform, og at det må vera gali tvert om å gå og henge ut ei så lita samfunnsklasse, eller å ta seg slike diktariske fridomar som i denne biletteksta, sjølv når teksta er frå ei bok om det fjerne Kina:

«Kong Harald og dronning Sonja i Beijing. De ble mottatt av president Jiang Zemin på Den himmelske freds plass i oktober 1997, hvor massakrene fant sted i 1989. Det var liten eller ingen debatt i Norge om kongeparet burde latt seg motta her.»
(s.288)

Utanom vanvørdnaden for statshovudet vårt og hustrua hans, forstår eg ikkje at ein kan skrive slik tekst til eit bilete av kongen og drotninga når dei er fire tusen kilometer undan Beijing, nærare New Dehli, Lhasa og Bangkok, og når NRK-skrivaren let seg avbilde på bokomslaget med eit foto teki rett rundt hjørnet same dag og stad. Då NRK i 1996 skulle sende eit intervju med ein bonde som budde «der Den lange muren møter de store fjellene», høyrde og såg vi som har vori der at bonden tvert om budde berre nokre få hundre km frå Beijing, der muren møter havet. Så når NRK kritiserer det norske kongeparet for å væra i Beijing, er illustrasjonen naturlegvis av Harald og Sonja nær Burma-grensa.

Vondt å fatte er òg grunnlaget for å henskrive massakrar (masseslakt av menneske) til Himmelfredport-plassen når både Aftenposten og sjølve NRK alt for fleire år sidan forsynte oss med gode vitneprov på at ikkje noko massedrap fann stad nett der, og når blodbad var talrike mange andre stader, både i Beijing og i andre byar det året:

«Vi forstår at det som skildres her blir sett for første gang»
(H.F: Dahl i Dagbladet)

Ein grunn er at Erling Borgen ikkje kan gradere tydings-skilje mellom det engelske «at» og det norske «på», slik at han som vi kan sjå skriv om eit massedrap nett der det ikkje skjedde - «på Tiananmen-plassen» - heile 10 ulike stader i boka.

Eit anna døme på norsk låk engelskartiumskunne er det når Borgen ovundrar formann Jiang for å ha lært seg heile Abe Lincoln’s Gettisburg Adress utantil – ein av dei kortaste rhetorstykka nordstatspresidenten produserte og som mengder av menneske som drog til Statane gjerne kan på rams også i vår tid.

Her i Noreg freistar NRK sine nyhendeprodusentar å selja oss meir bøker. Skal det vera nok at feilraten er litt under 40 prosent for å få eit forlag til å selja oss ei bok frå NRK om Kina? Kan ein tru på ein NRK-reporter som slåst mot minnet om Mao Zedong med å feilaktig hevde at Kina offisielt vedtok at Mao var 30% dårleg og 70% bra? (s. 15) I månadene mellom denne boka vart varsla og ho kom ut, var det nesten ingen rapport frå Beijing i NRK som ikkje hadde feil i huvudpoenga sine. Kven kunne trudd det var av di korrespondenten stræva med å laga ei bok som mest er avskrift?

«Årets viktigste politiske bok på norsk - om verdens viktigste land»
(H-J Smith, Dagsavisen)

Her er eit forlagsprodukt som endeleg klårgjer litt av grunnen: NRK «Forstår mindre og mindre av Midtens Rike jo lenger man bor i Kina»: Storbynamna er så galne at ein må tvile på at NRK kan finne fram i landet:

«Guanzhou» (s. 253)(for Guangzhou)
«Tayuan» (s. 274)(for Taiyuan)
«Zhuhau» (s. 161)(for Zhuhai)
«Shenzen» (s. 161)(for Shenzhen)

Småstader og personnamn kan eg ved første gjennomlesing finne 7 feil i. Frå før veit vi at Erling Borgen ikkje kan skilje munnleg mellom familienamna til medlem av eliten i Kina. Erling Borgen ser ut til å tru at Kina er eit land der bokstavar ikkje gjeld, slik at namn som «Zhang», «Jiang», «Shang», «Yang», «Qian» og «Chen» fekk same uttale i reportasjane. (Likeeins vert «Li» og «Liu» å eine sida og heile gruppa av vanlege namn som «Zhu», «Xu», «Zhou», «Chu», «Zhao» og «Qiu» å andre sida smæla saman i to store møljer.) Verre er at Erling Borgen heller ikkje kan sjå skilnad på desse namna, slik at han ikkje kan merkje at folk han skriv svært mykje om er fråverande og boikottar president Clinton foran Tiananmen på Himmelfredsport-plassen (NRK l, juni 98) og gjev namnet «slaktar» til feil statsleiar. Enda er «slaktaren» (dvs. Li Peng, s.205) iflg. korrespon- denten for dum til å ha kunni utretta særleg. Den som evt. kunne kallast slaktar er ikkje Li, men armésjef Yang Shangkun, som vart president for dette og døydde i september 1998 utan at NRK merkte dét.

Korrespondenten følgjer opp den faste og stolte NRK-tradisjonen med å feiltolke samvitsfangen og folkemaktskjempa Wei Jingsheng, ved å omsetja tre setningar av Wei så dårleg at han fordreiar den politiske meininga og sløvar skarpsinnet i den politiske analysa frå Wei om kva Wei kalla «statskuppet» i 1988. (s. 283)

Her er ei bok der illustrasjonar frå kulturrevolusjonen er frå før kulturrevolusjonen (s. 152), og der bilete av raude- gardistar ikkje er av raudegardistar (til dømes på sidene 89 og 110). Og korrespondenten følgjer altså opp kulturrevolusjonen ved at vi heller ikkje kan vente sanning frå NRK i kongereportasjar når det skjer i Kina. Boka fortel også at den dramatiske TV-skildringa på NRK av isbadaren som song trist opera og brast ut i gråt då sjølve «keisaren av Kina», Deng Xiaoping døydde, var eit gamalt opptak utan den minste samanheng med Deng (ss. 162-164).

Det syner seg også at folk som vart forfølgde under kulturrevolusjonen ikkje vart plaga av grunnane NRK-forteljaren vil ha oss til å tru («hans forbrytelse var at han kunne engelsk») - men t.d. av di dei meinte det ville vera bra om ungdomen tileigna seg framand kultur (sjå t.d. s.53). Likegyldig kor bra dette kunne vorti for Kina, må ein hugse at framand kulturkunnskap også er strengt forbodi i og frå NRK: Det finst ingenting om den eldste og største kulturen i verda i denne boka, utanom reine nedvurderingar (pekingopera er stygg, konfucianismen konformistisk, å måla skrift med kost på asfalt «kalles kalligrafi»). Samstundes fordømer reporteren - som sjølv er observert med cola light og hamburger i Noreg - at kinesarar ligg under for dei same «kapitalistiske» produkta frå Coca-Cola og McDonalds som vi sjølv et og drikk.

Borgen fordømer forureininga den kinesiske nasjonale velstandsauken fører med seg. Og dramatiserer med miljø- utmaningane i Kina, men hovudpoenget må vel vera at Kina, India og Indonesia enno ikkje utgjer same miljøtrugsmål for oss som USA, Japan eller EU? Mannen som vil døme Mao gjer ei utflukt til Kambodsja for å døme den norske maoismen (AKP-ml) derfrå, men hugsar ikkje at då Noregs regjering og Dagbladet støtta Pol Pot i FN, då var det Finn Gustavsen og Carl I. Hagen som protesterte. Reporteren som spreier smussrykte om kinesarar som alt er daude tør ikkje gje oss namn på den levande australske ambassadøren som han seier at misbrukar smågutar.

Hungeren i Kina på starten av 1960-talet blir samanlikna med kva som skjedde i det krigsherja Kambodsja, men den gamle SF-karen og SV-supporteren Erling Borgen gidd ikkje gå så langt som å samanlikne med den pågåande hungeren i Nord-Korea, som ville vori ein meir velvald jamføring i denne samanhengen.

I denne boka finst setningar som ein - viss vi les kjeldene for avskrifta - vil oppdage at er 100% usanne, ikkje berre i hovudmeininga, men også med omsyn til einskildorda:

«-Et sted kokte en partisjef 100 barn og brukte grøten som gjødsel for å øke risproduksjonen.»
(s. 105)


Originalboka han skriv av frå - Jasper Becker: Hungry Ghosts - China's Secret Famine, London 1996 - seier klårt at dette ryktet var usant, men NRK må enda leggja til «ris» for å gjera det heile meir orientalsk, og det i sjølve hovuddyrkingsområdet for korn (vanleg kveite) i Kina.

(Eg drog heilt ved eit tilfelle i år 2000 gjennom ein by som hadde eit liknande namn, Gûshì i Anhui, som ligg 60-70 mil frå områda NRK skriv av frå Becker om, som er Nányáng i Hénán. Eg tala med ein del folk om hungersåra der etter “Det store spranget”, og nemnde denne barnekokinga. Dei svara at barnelik var blitt brende og aska strødd på markene, noko dei meinte var fornuftig i ein vinterstid med hardfrosen mark og menneske så tæra av svolt at dei ikkje orka grave. Både dèr og i Anyáng-prefekturet, sa ein fylkesformann som eg vitja der, hadde særs mange partileiarar i åra som følgde hungeren drepi seg sjølv av skam for den det politiske ansvaret dei meinte dei sjølv hadde for denne menneskeskapte hungerskatastrofa – stikk i strid med Borgens påstand om at dei lever i beste velgåande. Den han brennemerker ved namn har måtte lide for det på svært mange vis, enda det er rett som vår mann skriv at han er sparka oppover.)

«-Det er gjennomført frie landsbyvalg i millioner av kinesiske landsbyer.»
(s. 315)

Utanom frågan om graden av fridom og at dette gjeld kommuneval, er val vel berre gjennomført i ca. halve landet, og det er i heile Kina langt mindre enn ein million landsbyar. Les vi kjeldene, ser vi at minst eitt «korrespondentbrev» frå Kina i år (med rapport om råflott mat) er unøyaktig avskrift frå ei bok prenta i USA eitt år før rapportøren drog til Kina.

«En bok som vekker leseren til å tenke selv»
(B. Botnen, Vårt Land)

Denne boka er trist og nedverdigande å lesa for nordmenn som meiner det er viktig å vita noko nøyaktig om Asia. Det er leitt for forfattaren at han ikkje maktar å skildre dei viktige emna han tek opp (nemleg feila ved kommunismen og kapitalismen): Det heile vert sosialpornografi i staden for systemskildring, og han undersleg det kinesiske folket sine eigne ønske og skaparkraft. Soleis er dette ein komplett apolitisk bok: Ho fortel oss at korkje vi eller kinesarane kan utrette noko gjennom politikk, og overlét alt ansvaret til andre mannfolk som han skildrar som korrupte.

Denne NRK-kjendis-boka er eit glimande døme på utslag av trua om at nokon kan bli fagleg kvalifisert til å fortelja oss noko om Asia gjennom å ha jobba for NRK: For mange feil rapportar er bygde opp på tolkefeil. Den einaste NRK-reporteren som på 1990-talet var kvalifisert til å forstå og dekkje Kina og Japan, Ole Bjørn Rongen, tok vinteren 1998 permisjon og trakk seg unna for å omsetja den teksta om Konfucius som er gøymd under Mao-biletet på bokomslaget: Der står det på old-kinesisk: «dette er korleis ting flyt burt» og «ein dana person må sjå det svært nøye an». Gjennom unøyaktigheita si provar boka at NRK-trua er feil: I den borgen manglar dei tilrekkjeleg daning til å forstå verda på utsida av den vesle norvestverdistiske tankemuren sin.

Utanom åtaka på ml-arane gjer NRK-reporteren i boka store narrar ut av alle skrivande euro-amerikanarar han meiner vart lurte trill rundt av Kinas propagandamakarar i åra før han sjølv drog dit. No må ein må hugse dette er eit land der lokale styresmaktar lurte sentralmakta frå i førsten å oppdage omfanget av hungeren ved å måla trestammane mørke så ein ikkje skulle sjå at landsbybuarar hadde eti opp all barken på trea. Då må ein lure litt på om ikkje slik djupt rotstett luring framleis er del av den politiske kulturen, og om ikkje luringa vert omplanta til Noreg gjennom å ha lettlurte, språk- og skriftlause og uvitande journalistar der?

Erling Borgens bok «Rød drøm» gjev seg ut for å leggja fram den fulle sanninga om Mao og Kulturrevolusjonen, og som samstundes hevdar at alle Kina-beundrarane på den tida tok feil. Eg hev sjølv ledd sårt og lenge over amerikanske og norske rapportar frå Kina frå 60- og 70-talet. Og boka heng ut slike sitat som dette: «Et system som gir menneskeverd til hundrede av millioner» (J. Galtung 1972). Men stopp en halv: I 1974-76 sat eg mange lange vintarkveldar i lag med ein nær hundre år gamal amerikanar i hytta hans i utkanten av Beijing. Mannen var ein universitetsprofessor som hadde omgang med kultureliten i Paris, London og Firenze før og etter 1. verdskrig, og som kjende store delar av Kinas politiske og intellektuelle elite frå 1925 til 1966. Han hadde lite anna enn hån til overs for leninismen, stalinismen og maoismen. Men etter mange månader med soger om korleis mange han kjende hadde blitt plaga, hundsa, slægne helselause og gjort sjølvmord i løpet av kulturrevolusjonen, sa han plutseleg ein kveld:

«Du kan vanskeleg førestelle deg kor uverdig livet var for vanlege folk før det som kommunistane kallar «frigjeringa». Kommunistane seier riktignok at «Det kinesiske folket stod opp» i 1949, men det var først gjennom kulturrevolusjonen at folket reiste seg og den gamle innstillinga frå dei intellektuelle og politikarane blei endra. Du skulle berre sett korleis lærarane her på Universitetet mishandla, håna og såg ned på hushjelpene sine frå landsbygda, gav dei nesten ingen mat og inga løn. Dei tok rottegift for å «redde ansiktet sitt» istaden for å utsetja seg for kritikkmøte. Folkemassane som dei var så redde for, det var hushjelpene deira, det. Likegyldig kva du spurde ein landbrukar her i området om, så svara han alltid berre «ja, ja, ja», for han var redd for byøvrigheita heile tida. No kan eg tala med bøndene her i nabolaget når eg er ute og syklar omkring, og dét blei først mogleg etter at kulturrevolusjonen starta.»

Men kanskje vart eg også lurt av uvitande vestlege Kina-rapportørar?





Utgitt av Ingar Holst Forlag, N-2848 Skreia.